For at vi skal kunne identifisere og registrere deg som student eller kursdeltakar ved Politihøgskolen, må vi vite namnet ditt, adresse, telefon- og fødselsnummer (11 siffer).
Du må oppgi denne informasjonen for å kunne bli student hos oss.
I tillegg blir informasjon om gjennomførte kurs og studium pluss eksamensresultat (karakterar) registrert og oppbevart. Desse opplysningane blir lagra i Felles Studentsystem (FS). Dette er informasjon som vi er lovpålagde å oppbevare og difor ikkje kan slette.
Informasjonen blir ikkje utlevert til uvedkomande.
Det blir også samla inn personopplysningar når du nyttar datasystema våre. Når du byrjar som student hos oss, får du eit brukarnamn og passord du nyttar for å logge på systema våre eller system du får tilgang til som student/kursdeltakar hos oss. For at vi skal kunne administrere IT‐systema våre, vil tidspunktet for når du logga på, plasseringa og IP-adressa di bli lagra i systema våre.
Når du nyttar utstyret vårt, samlar vi inn og lagrar opplysningar om denne bruken, derimellom tidspunkt for pålogging, plassering og varigheit. Dette er opplysningar vi behandlar for å kunne administrere bruken av utstyret og sikre dei interne systema.
Elles gjeld IKT-instruksen til Politihøgskolen.